Kommunistiske gufs…

Framsideku
Så har det skjedd igjen, barn har blitt missbrukt. Missbrukt i ei kynisk utnytting av deira sårte barnesjeler. Her er det snakk om indoktrinering på høgaste nivå…


Det heile starta for eit par dagar sidan… berre med rein tilfeldighet, når eg oppfylte min plinkt som onkel, så oppdaga eg noko verkeleg skakande: Alle hovuda på leikedyra bøygde same veg, til venstre. Tilfeldig?

alle dyra har kommunistiske veridar...
Eit tydeleg faktum er at det ikkje er normalt at alle kyr bøyer hovudet til venstre når dei skal ete. Ei ku kan fint bøye hovudet både til venstre og høgre. Ein kan også stadig sjå at kyr ligg meg hovudet til høgre når dei ligg og drøvtyggje etter eit godt måltid. Det er altså ingen ting som tyder på at produsentane av leiketøy har studert dyra nøye for så å få ein mest mogeleg rett kopi av røyndommen. Her er det snakk om ei eigenframstilling av dyra på eit særs tankefullt vis. Tilfeldig? Enda meir tankevekkjande blir det når absolutt alle husdyra går med hovudet til venstre.

Hesten - sjølve maktsymboletEtter nøye studering av dyra ser ein at hovudet har ei venstrerotering på mellom 10 og 50 grader. Ei 10 graders vinkling burde under normale føresetnadar godkjennast. Men når den gjennomsnittlege vinklinga på hovudet til dyra passerer 30 graders vinkling, så kan det ikkje lenger vere tilfeldig. Spørsmålet er, kva slags tyding kan dette ha? Og er det tilfeldig at sjølvaste maktsymbolet blant husdyr, hesten, har den aller største vinklinga på hovudet?

Jon Blund i snøen
Allereie etter Aust-Tyskland sitt fall i 1990, var det gjort kjent at ein hadde nytta barnetvprogram for å få fram politisk bodskap. Den mest kjende saka er om Jon Blund, eller ”Sandmännchen” som tyskarane heller liker og omtale han som. Det heile starta som eit kapplaup mellom aust- og vesttysktv: Kampen om å få det beste barneprogrammet. Sjølv om det vesttyske krinkastingsselskapet, Berliner Rundfunk, var først ute med sin versjon, vart den austyske versjonen frå Deutscher Fernsehfunk den store slageren i både aust- og vesttyskland. Heile suksessen vart leda ann av den uskuldige Jon Blund.

Jon Blund som står på ein sokkel…I møte med Jon Blund, så vil du møte ein velkledd og hyggeleg person, som blir tilfallande lik nissen med sitt venelege ansiktsuttrykk og skjegg under haka. Å fatte noko misstanke mot ein slik hyggeleg person, blir som å skuldslegge julenissen for at snøen på nordpolen har blitt gul. Men ikkje bli lurt av hans vene ytre. I følge Jannicke Systad Jacobsens sin dokumentarfilm «Jon Blund – en sosialistisk supermann» får vi eit tydeleg innblikk i måten Jon Blund blei nytta som kommunistisk propagandafigur for å uttrykke idealiserte versjonar av fellesskapet og dei tekniske framskritta i Aust-Tyskland og dei andre kommunistiske landa. Ved å få planta desse tankane inn allereie i ein så tideleg alder fekk den kommunistiske tankegangen eit enda betre vekstgrunnlag i dei sarte barnesinna. Grunnlaget har blitt lagt, i framtida var det berre å vekke dei til live igjen, og straks ville ein ha store mengder med tilhengjarar av den kommunistiske orden.

Så kan ein spør seg: Er det dette vi kan sjå i dag også?

Ein ting er faktumet at dyra berre kikkar mot venstre gjer at borna tenker at det er normalt å berre kikke mot venstre. Kva som skjer til høgre er det ingen vits i å bry seg om. Mange vil nok meine at dette er bra. For når du skal krysse vegen må du først sjå til venstre. Men med eit slikt einskild handlemønster, så blir det til at dei berre kikkar mot venstre. Kva som skjer til høgre sida er det ingen vits i å bry seg om, for dyra ser jo berre til venstre dei også. Men her ligg det også noko djupare under, hovudgrunnlaget til denne konsekvente og del vel gjennomtenkte produseringa av dyra ligg nok heller i det faktumet at ein prøver å indoktrinere eit ubevist handlemønster hjå borna ved ein tideleg alder. Dette handlingsmønsteret kan ei så kalle opp att i eldre aldrar, når ein ser at ein har behov for det. Når du står inne i ei valboks ved kommune- eller stortingsval, så er alle stemmelappane til alle dei kommunistiske partia på di venstre side. Tilfeldig?

Kan kommunistane vere så utspekulert er for at dei skal få spreia sine ytringar? Ved å gå så langt at ein prøver å indoktrinere handlingsmønster til unge barn, det er så alt for mykje lenger enn kva ein bør tåle i dagen samfunn. Vi har riktig nok ytringsfridom i dette landet, men dette går alt for langt! Ytringsfridom er bra, men det å gå så langt at ein bruker uskuldige husdyr for indoktrinering av politiske bodskap er å gå alt for langt.