så kva skjer?

504173689_c4882c7c92_ojpg
Dagen i dag er 19. Mai, noko som skulle tilseie at det er 2 dagar sidan 17. Mai. Nei, bekalger, men det var ikkje det store 17.Mai-avhandlinga her. Men du verda for ein vakker dag på alle måter. Ein ting er dei obligatoriske tinga som: Is, pølse, vifting med flagg, rope HURRA og irritere seg på russen… men her i Bergen, så har ein også ting som gir 17.Mai enda litt større glede: Fyrverkeri! jaja.. kanskje eg er litt fyrverkerinerd, men fytti. Fyrverkeri er gøy. Fantastisk. Utrulig. Engasjerande og ikkje minst nydelegt. Ein ting er nyttårsafta, men her i Bergen blir alt feira med fyrverkeri. Og ikkje berre sånn ein rakett her og ein der. Her er det snakk om skikkelege saker. Så det vart over 5 min. med rein nytelse av livets største barndomsgleder.. (gutter er gutter – alltid barn!)

Så ja.. bilde over er tatt fra parken med synsretning til festplassen. Fleire fyrverkeribilete kan du sjå her.. (ja, der kjem sikkert ut litt andre bilete frå 17. Mai, alt etter kor mykje eg kjedar med når eg no skal lese til ein eller anna eksamen… ) (og ja.. for dei som lurte. Så held eg på med å flytte galleriet mitt til flickr… kvifor? Moglegheitar!)