Firetretoen 2

firetretoen

Det er ikkje så lenge sidan eg skreiv om firetretoen.

Ehh.. firetretoen? kva er det?

– Jo, det er truleg den beste norske filmen som nokken gang har blitt laga… Eller ikkje nei. Firetretoen er ikkje ein fantastisk norsk spelefilm.. men ein reklamefilm… ein reklamefilm utanom det vanlege. Verkeleg utanom det vanlege. Heile reklama er bygd opp som ein trailer til det som kan vere ein fantastisk film – der heile traileren blir avslutta med «du veit ikkje kva som skjer…» sjekk firetretoen.no. Der inne blir du nettopp opplyst om at dette er ein reklamefilm – altså ingen skikkeleg film. For:

Vi vet ikke hva som skjer
For dette er ingen film.
Dette er en reklamefilm. For DnB Nor
Og vi vet ikke hva som skjer.
Akkurat som i livet.

Og ja. Sjølv om dette er ein fantastisk reklamefilm, så er det fantastisk trist at det ikkje er ein film. For denne kunne ha blitt bra.

MEN ja.. til poenget: Kvifor skreiv eg om denne reklamefilmen ein gang?

Til no er det 71 stk som har søk på nettopp «firetretoen». Berre 71 stk sa du? Ja.. 71 stk. Kanskje ikkje så masse. Men når du stiller det opp til søkeorden «bjarne sunde» som berre får 15 treff.. så blir det ja.. litt fascinerande. Og det gøyaste av alt.. det kjem ca. 5 nye kvar dag – johoooo! (ja. Nerde-Bjarne)

For det andre: DnB Nor skriver:

DnB NORs nye reklamefilm er den første i en serie filmer som benytter seg trailerformatet.

hmm… dette vil altså seie at der kjem fleire slike trailera… og det vil også sei mange nye skuffelser. Trist. For ja, tipper alle som har sett reklamefilmen også ville ha sett filmen på kino.. Så ja, dette er også ei oppfordring til DnB Nor:

SJÅ TIL Å FÅ LAGA FILMEN OGSÅ!

Så ja.. det var det for i dag…