Facebook – eller ikkje facebook…

Facebook
..det er spørsmålet..

Ja, det er lenge sia eg har rabla ned nokke her, men NEI, det er ikkje fordi eg har starta med facebooking. Fleire har oppdaga at det er ein samanheng mellom at det er mindre oppdatering på bloggar og stadig fleire folk på facebook. Så ja, eg trur nok det kan stemme. Men eg har ikkje fått facebook enda. For dei som les den verdslege avisa, så har dokke kanskje sett dette blogginnlegget også. Det er fantastisk og sjå kor engasjerande folk blir rundt diskusjonen om facebook eller ikkje facebook. Det store spørsmålet ligg vel rundt: «Om 3 måneder er hele facebook-hypen over…»

Men, men.. kvifor finn du ikkje meg på facebook? (i alle fall ikkje enda)
facebook2
Det er IKKJE, eg gjenntar IKKJE, fordi eg ikkje har fått nok av invitasjonar… (ok, ikkje for å skryte.. men det har blitt nesten så mange at det er litt irriterande. Men, for all det: kjekt å sjå at så mange har meg sitt hjarte kjær:)

Når det er sagt, så skal eg heller ikkje halde ein stor tale rundt faktummet og dilte etter saueflokken, å svømme mot straumen og alt det der… Faktummet er vel at eg synast facebook ikkje er så frykteleg dumt. Det har til no vore mange tjenestar som går ut på å samle folk og fe, slik du kan finne tilbake til gamle venar og halde kontakt når vener flyttar. Problemet med alle desse er at dei stort sett har hatt berre ei eller to skikkeleg gode funksjonar, og heller dårlege namn som gjer at dei ikkje blir populære. Men facebook ser ut som om dei har klart å samle mykje av det gode som folk verkeleg kan ha bruk for.

Men kvifor er ikkje Bjarne på facebook?

-Vel, rett og slett fordi facebook = tid, MASSE tid. Har enda ikkje møtt ein person som er med på facebook som kan stå fram og seie at han/ho IKKJE har brukt mykje tid på facebook. Joda, vi har tid til alt vi har lyst til vil eg seie. Har du lyst, har du tid. Eg har i grun lyst til å ha facebook. Og den lysta vil nok vere mykje større enn kva lysta til å lese på fornuftige ting til eksamen. Fryktlege mykje større lyst. Derfor, du ser meg kanskje på facebook ein vakker dag i framtida. Men ikkje no. Spørsmålet blir derimot rundt faktummet, «om 3 måneder er hele facebook-hypen over…», det vil sei ca. når eg er ferdig med eksamensgledene og sommarferien (gidd i alle fall ikkje å sitte inne i sola, da er det heller betre å gå og møte venner i verklegheita. Finne på fornuftige ting som omhandlar natur, gleder, sport og fritid osv. Ære til folka bak facebook for å samle folk saman, men HALLO! Å sitte framfor maskina for å snakke med vennen din som sitter i nabohuset, i naborommet, eller for så vidt, i samme rommet er vel frykteleg galt.

Men, men.. nok om det.. tid for eksamenslesing: JOhooooooooooo!