opplagt handling, men du verda…

Music and Lyrics - POP!
Ehhh.. ja, det handlar om musikk og tekstar, eller.. Music and Lyrics som den i røynda heiter. I går var eg faktisk på kino for å sjå denne filmen.. det er nok første gang eg har vore på kino i år, så det var stas! Ikkje minst var det stas og få med seg mannekeng (ehh.. berre får å få sagt det, ut frå norsk ordbok: «manneken’g m1 (gj fr frå e nederl mannekijn «liten mann'; dim. av mann)» og vidare: «person, særleg kvinne, tilsett i eit motefirma til å syne fram moteklede for publikum» – berre for å få sagt det..) fra G-sport. Dei delte ut gratis drops og det heile:)

Først av alt, sjølv om du har planer om å sjå filmen på kino kan du trygt lese vidare utan å bli irritert over at eg avslører heile handlinga.. ser du derimot traileren veit du alt. MEN, det vil likevel ikkje seie at der er mange moment som kjem heilt overraskande på deg…

Men tilbake til filmen.. som eg nemnde i den føregåande artikkelen, så fekk eg rett. Musikkvideoen til Hugh og bandet hans, som heile filmen startar med, fenga ufatteleg. Her er det snakk om å gripe publikum frå første augenblikk (eller POP! som ein må seie)… og det sluttar ikkje med det. Samansettninga av håpluase 80-talssongar klæsja opp i notida er rett og slett fornøyeleg. Eldre damer, som hadde si glastid på 80-talet, får endeleg sin barndomsdraum om oppfylling og står parat for å tre inn i roller som fjortisjenter. Likeeins så får ein også eit glimt av notidas stjerner… utan å seie noko meir enn det. Ein skulle gjerne tru at filmen berre gjekk inn i det logiske og standariserte handlingsmønsteret til typsike romatiske komediar, men som eg tippa var det kanskje ikkje slik?

Filmen er ikkje ein ny Notting Hill. Det er det ingen filmar som blir, men du verda for god film. Ja, ein god film.. ikkje naudsynt bra, men berre god. Du vil elske songane og trene lattarmusklane når han godaste Hugh rykker på rockefoten.. Eg kan love deg at etter filmen er ferdig går du rundt å syng på: «Pop! Goes My Heart» og «Way Back Into Love»… mendan du lett røyrer på hoftene.. vel, ok, viss ikkje du gjer det da (noko som er veldig lite sannsyn for..), så kan eg love deg at den litt eldre dama bak deg som fniste konstant under heile fimen vil straks synge godt ut på refrenget til: «Pop! Goes My Heart». Medan den djupt forelska fjortissguten framfor vil halde seg til «Way Back Into Love». Fjortisjenta som sitt ved sida kjem nok heller til å synge på ein anna song frå filmen, «Buddha’s Delight», og blir inspirert til ein aldri så liten handletur etter nye «klede»…

Men, men.. eg kan ikkje seie noko anna enn: Denne filmen skal du få med deg!

HE? du vil ikkje sjå den? vel, da vil du aldri forstå kvifor alle rundt deg nynnar på «Pop! Goes My Heart»… du vil bli satt til side i alle sosiale samankomstar det neste halvåret, og statig frustrere deg over at du ikkje tok oppfordringa mi. Men men, det var jo også berre mine ord, men dog kloke ord. No skal eg tilbake til nynninga av «Pop! Goes Mye Herat» – du verda for ein irriterandes fengandes låt..