oppdateringar…

Ikkje nok med det at eg er tilbake, så har det skjedd mykje anna rart her inne.. For å få rydde opp i rot og slik, så valde eg å lansere ein totalt ny blogg. Eller, innhaldet er det same, men har bytta adressa til bjarnebs.com, ikkje det at eg har krøpe over til bokmålet, men berre av praktiske omsyn. Kan hende eg kjem tilbake til bjarnebs.com/vevsloggen ein gang også… men ja, adressa bjarnebs.com vil også fungere utmerka!

Ny side

Men kva har skjedd her? Jo, masse! For å nemne opp litt

  • Totalt nytt design – håper dykk likar det
  • Ein heilt ny meny – kvar er det? -> dra i snora
  • Innføring av Sigruns lille hjørne – Sigrun har fått sin eigen tomleplass for skribleri
  • Heilt nytt kommentarsystem – kommentarar kjem opp på høgre side av skribleriet, ikkje under
  • Galleriet er midlertidig borte, men det kjem tilbake!
  • Har fått fiksa til ein «om meg» side – kvifor? kven veit?
  • Endre oversikt over vevslenke – for å få meir fokus på eit par enkle, så ikkje ein forsvinn i mengda har eg laga til ein tilfeldig 5 oversikt. 5 tilfeldige lenke blir presentert – du finn sjølvsat alle andre også
  • Heilt nytt arkvisystem, som gjer det enda enklare å finne fram
  • Ny teneste: «liknande skribleri» – ved å trykke på «liknade skribleri» etter datoen når du er inne å lese eit skribleri vil du få opp andre skribleri som har med det same å gjere.. altså fann du noko som du likte å lese kan du finne meir av dette godet!
  • INNFØRING AV MUSIKK

Det siste punktet er kanskje det gøyaste! I dei site månadane har eg latt eit program registrere kva musikk eg høyrer på, og ved hjelp dette kan eg no presentere dykk for ei eiga musikkside. Her inne kan du sjå ei fantastisk «sky» over kva artist som eg høyrer mest på, og du vil også kunne finne oversikt over dei 10 siste sangane som eg har høyrd på! Fantastisk? tja.. kanskje?

Kom med kommentarar på alt dette slik at eg kan gjere ting betre viss det skulle vere ynskje!