mitt møte med krompen…

Krompen på NHH
Som sjølvarklærd monarkist så måtte eg jo opp for å sjå på dette gilde, ja. For krompen kom til NHH! Men allereie på veg til skule oppdaga eg at stort sett heile skulen var avsperra og møte med krompen såg heller dårlegt ut.. Menmen, eg tok jo ein sjanse å gjekk inn bakvegen og tusla litt rundt om kring.. og her var det ingen.. så eg tusla videre og kom straks fram til hovudinngangen der dagens pressekorps kom samtidig. Eg nytta meg av dette gilde og satt meg sjølv ned i trappa og fann fram kamera.. Sjølvsagt tar du med karmera! Det er det som gjer det mogeleg å få oppleve slike ting som dette…. har du eit litt større kamera så blir du ofte enklare akseptert.

Så var det berre å vente ei lita stund, spente leiarar for symposiet og andre som var med å jobbe der studerte seg i spegelen medan dei retta på slipse… så kom ein av sikkringsvaktene til krompen inn og forklare pressefolket – og meg – at vi måtte halde oss på så lang avstand – trist. Men men… så kom plutseleg bilen.. krompen gikk ut, kom inn og gikk forbi.. det var det. Det var ingen ting meir enn det… litt trist. Men eg har fått «møtt» krompen no da..

Om eg tok bilete? ja, det gjorde eg… men du finn nok betre bilete andre stadar. Dagens ynskjeliste for bursdagsgåver er ein blits – ja, sånn ting som setter oppå kamera slik at du kan ta bilete innne…

men, EG HAR MØTT KROMPEN!