minner fra i fjor..

Central Perk
For dei som gjekk på Bildøy i fjor, så kan dokke sikkert hugse at på denne tida i fjor, så var mange av oss til USA og Kenya.. medan andre berre tusla rundt i Noreg.. (Musikkfolket..) sjølv var eg til USA – ein tur som eg seint vil gløyme. Gutta på tur – USA 2006 vart tittelen på turen, og du verda for ein tur… No som Line og Kirsten Elisabet er i USA, så fekk eg frykteleg lyst tilbake til USA og da gjerne Los Angels.. Starbucks, Del Taco og Pizza Hut. For ikkje å snakke om South Bay Galleria – kjøpesenteret til eg og Ole… som David vart litt lei av til slutt… åå.. ja, å så Brookstone da.. Du finn ikkje ein meir behageleg butikk enn det… hmm.. draumer meg tilbake til USA eg, til Hollywood, til Universal studios og WB… så ja.. du ser sikkert over at vi sit i Central Perk – for dei som ikkje skulle vite kva det er, så er det stamkaféen til folket i Venner For Livet… Viss det skulle vere av interesse, så kan du lese meir om USA-turen her