elg seld før hjorten vart skoten…

OL i Tromsø…
ehh.. ja, det var vel noko slikt ordlyden i ordtaket var. Trur eg. Men ja, tilbake til saken. I dag kl 13.30 kom «dommen» over at Tromsø skal få lov til å sende inn søknad om å halde vinterOL i 2018. Vi leser ein gang til: får lov til å sende inn søknad… Med tilbakeblikk på vinterOL i 1994, så kan ein ikkje seie noko anna enn dette berre må bli heilt fantastisk! og kanskje enda betre… Tenk deg det å sitte på OL-stadioen og kikke ut på naturen sitt eige fyrverkeri.. få oppleve eit totalt mørke.. å alt det der. Tromsø kan nok framstå som det ekte og opprinnelege… MEN, berre for å vere litt demotiverande… I dag fekk Tromsø 2018 lov til å søkje om å få vinterOL i 2018… ja dei får lov til å søke.. no må berre regjeringa og stortinget godta dette, og også seie at dei vil spytte inn x antall milliardar kroner for å hjelpe til. Gjer dei ikkje det blir det ikkje OL i Noreg. Å så, viss AS Noreg kjem med penga, så kan Tromsø sende inn søknad til IOC (den internasjonale olympiske komiteen).. å så gjennstår det berre at IOC må utrope Noreg og Troms 2018 som seierherre.. Å så er det berre å bygge stationa, bakker og ikkje minst bustadar for x^x antall utøvarar, trenarar, mediefolk, smørefolk, supporterar osv… men det er jo ikkje nokke stress! Typisk norsk og vere godt veit du!

Vi gleda oss alle til å sjå på OL i Tromsø i 2018… då har eg passert 30, rettere sagt, eg vil vere 33 år.. HUFFAMEG! men eg gleda meg som ein liten unge…