Diskriminering i dagens samfunn!
Først av alt – ja, Bjarne er tilbake i Bergen! JIppppppi! og dette tar meg vidare til dagens problem. For, når ein skal dra frå Ålesund til Bergen kan ein
- Køyre bil
- Ta buss
- Ta båt (hurtigruta)
- Gå
- Sykle
- Ta fly
- ja.. fleire eks. finnast, men ja.. kanskje ikkje så normale
Det alternativet som ofte er enklast er alternativ nr 6 – ta fly! Så ja, eg skulle ta fly frå Ålesund til Bergen. I gleda og håpet av at snø skal kome (ja den kjem!) så tok eg med meg ski. Dette vart første irritasjonsmoment. For no kostar det 100kr og ta med ski på flyet. Bææææ… Men vidare så er det også naudsynt med utstyr som skisko og slik når ein skal køyre ski. Dette medførte at min koffert totalt vog 26kg. For dei som har vore ute å fløge i det siste, så veit ein sikkert at det er “maks 20kg” ein kan ta med som bagasje. Ergo eg hadde “6 kilo i overvekt” dette vil då seie at eg skal betale gebyr for overvekt. Ok det er for så vidt greitt. Eg har allereie akseptert maks 20kg når du bestiller flybilletten. MEN!! Måtte alle betale overvekt som var på same flyet som meg? NEI! Så i frustrasjon over dette, så tok eg ei aldri så lita spørjeundersøking om overvekt, gebyr og kjønn… Som mange sikkert allereie tenkjer, så har dette nok noko med “ryktet” som går at jente slepp å betale gebyr.. Liste over undersøkinga vart slik som under. Namn med strek over slapp og betale gebyr
- Bjarne (ja gut) – 26 kg bagasje
- Gut – 28 kg bagasje
Jente – 2 kolli totalt 28 kgJente – 28 kg bagasjeJente – 24 kg bagasjeJente – 3 kolli totalt ?kg men den største var 19kg = over 20 kg totaltJente – 25 kg bagasjeJente – 29,7 kg bagasje
(To siste jentene tok eit anna fly enn meg – ja, det var Sigrun og Line viss nokon skulle lure)
(Eg har spurd fleire gutar om same problemstillinga, men enten så tok dei ikkje fly eller hadde under 20kg..)
Hmm.. er det nokon som ser nokon samanheng. Er det tilfeldig at jenter får med ekstra bagasje utan å betale for det? Eller er det berre loddtrekning om kven som skal betale og det er tilfeldigvis berre gutar som vart plukka ut?
Vel, svaret vil nok kome her om eit par dagar, for i dette augeblikket blir ein epost til sasbraathens konstruert. Svaret som eg får vil bli lagt ut her.
Ja, kom gjerne med di erfaring om dette. Eg vil gjerne ha fleire data med i saka mi!
interessant, Bjarne…! kan virke som det e nokke sannhet i det der, ja… hmm…e nok ikkje allti at jente slepp unda, men kanskje en del meir enn guta..
Ej e vel egentla ikkje en av dei so ska klage, men e det nokke so irritera mej, so e det forskjellsbehandling!
stå på Bjarne! venta i spenning på svare du fær;)
takk for stønaden!
ja, eg også venta på svar, gleda meg til å få: “eit godt svar”… hehe:) hald ut!
Godt nytt aar Bjarne!:)
hehe…blir spennande aa sjaa ka svar du faer paa ditta der! hehe…forskjellsbehandling e naakke tull! Naar d e sagt, so kan d nevnast at d opplevast i stor grad her borte i Brasil, omvendt vei vel og merke, til stor irritasjon for ei norsk jente! so ej skjonna d kan vere provoserande! Heldigvis ikkje verste maaten an kan bli forskjellsbehandla paa ditta der daa… Men rett skal vere rett! Staa paa Bjarne!:)
Ja, haape du faer et flott og velsigna nytt aar!:)
klem fraa Ragnhild:)
E hadde 21,5, men d e vel såppas lite at d eke sjokk at e slapp betale… Å uansett så funkake vekta da e reiste (e veide den sjøl før e dro)…
Ja nå kjenne æ at æ bli litt sint ja!! SÅ tragisk! Glede mæ te brevet komme!! Men, har faktisk aldri opplevd å betale ekstra…men det er kanskje siden jeg har hatt Erna med ved siden av når det har vært overvekt..hehe. Men stå på Bjarne
hm. minner på meg en liten episode som skjedde på Gardemoen i går:
skrankemann: Du har visst overvekt.
Hanne : frykta det…
skrankemann: Vi sier 2 kg, vi
Hanne tenker: “Hva? vekta viser jo 4,5 kg overvekt”
Hanne sier: Ja, vi sier vel det..
Skrankemann: Ha en fin tur!!
…og glemt var visst den overvekten…
Hmmm… ditte her blir jo berre betre og betre ditte her!
Lurer verkeleg på kva i alle dager sasbraathens vil svare meg når dei endeleg gidd å svare…
Fikk epost i dag om at dei hadde mottatt eposten min og at: “En av våre saksbehandlere svarer din e-post så snart som mulig.”
Så eg ventar i spaning
Ej hadde 17 7 kg i tillegg til skia mine (pakka i skiposen saman med alle kleda mine slik at kofferten i det minste ikkje kom på 23-24 kg…). Men overvekt? Betalte 100kr for skia, og det holdt visst for ho dama i skranken det…. Så eg held ein knapp på loddtrekking.
ehh…
men du hadde altså ikkje meir enn 20kg i kofferten som du leverte på bagasjedroppen? Fordi dei reknar ikkje med det som er i skiposen..
LES: FYLLOPP SKIPOSEN SÅ MYKJE DU ORKAR! står ingen ting om at det er ski som må ligge der..
heh, hadde altså ikkje 177 kg, men 17 kg PLUSS 7 kg (som i to kolli) (er lik 24 kg) – i tillegg til skiposen som var fylt med både ski, stavar og skittentøy.
men uansett ja: skiposen må fylles til randa først! :)
Æg måtte betala øvevekt ein gong i fjor. Æg he utarbeida to mulige teoria:
1) Æ æg for maskulin?
2) Kan det ha ein sammenheng at personen bak skranken va ei dama?
Æg velge å tru på den siste teorien:-) Hadde det vore ein mann bak skranken, hadde han nok smelta og sleppt meg gjennom, hehe!
Hehe:) kanskje d ja Linn. Men i mitt tilfelle, så var der både ein mann og ei dame.. og ja.. som du ser, så vart resultatet det same.
[...] svaret på kva? dette. [...]