VERKELEG god jul!

Mange eldre vil nok ikkje vere heilt einige med skribleriet mitt i går.. For nok ein gang har eg blitt påminna at det er først i dag ein verkeleg kan seia god jul! Ja, for det er jo snakk om julenatt, ikkje julekvelden… Så julenatt etter 24. desember = 25. desember.. viss du forstår.. Så ja, GOD JUL! til alle saman!

Dagens tankar er som følgjer:

  1. Adventskalenderen min er ferdig..
  2. Juleafta sine mysterier..

1. Adventskalenderen min er ferdig:

ja, dette her var ubeskriveleg trist. Verdas beste adventskalender (julekalender) er i dag historie. For ja, det var verdas beste kalender. Til glede for Sveinung og Sigrun, så må eg til og med seie at pepperkakehjartekalenderen som eg fekk av Sigrun slår til og med «Desemberlotteriet 2006″ til Sunnmøre Krets – KFUK-KFUM-speiderne. Nok ein gang skal du få rope Halleluja Sveinung!

2. Julafta sine mysterier…

Eller, det er vel kanskje ikkje afta, men tidleg på dag… (Kva heiter det i røynda tidleg på julafta?, julemorgon? men kva blir den etterfølgje av? afta er jo ikkje ein heil dag.) Men ja, tidleg på dagen. Ca kl 10.30 ropar pappa på meg at eg må stå opp, litt i ørska (som dei heite på sunnmørsk) så klarde eg å tusle meg opp frå kjellaren og høyrde at televisjonsaparatet stod på. Og enda meir sjokkert vart eg når både mamma og pappa sat klistra framfor. Sjokket var dog litt dempa når eg såg at det var 3 nøte til Oskepott som gjekk. Men framleis ubskriveleg sjokkert over det faktumet at:

  1. Mamma og pappa klarte å søve så lenge
  2. At begge to sat framfor tv’en
  3. At dei såg på tv i over 2 timar samanhengjande utan at dei røyste seg opp. Sjølv om folk ringde på døra, så lyfta dei seg ikkje.

Nokon vil nok tenkje at dette ikkje er så unormalt. Men for dei som har litt meir kunnskap om fam. Sunde, så vil nok alle bli litt skaka av å få slik informasjon som dette.

Men vidare, så drog vi alle til kyrkja kl 4 – Indre Sula Kykje var staden. Og kva spela organisten til preludium? Ja, det stemmer! Ja, det du tenkte på litt tidelgare. Den songen som du har nynna på i heile dag… ja, 3 nøte til Oskepott (ja, tre nøtter til Askepott hvis du vil ha det på bokmålet) Utruleg morosamt. Og det heile var toppa då organisten spela «Christmas Is all around you» inne i sjølve preika! ja, du veit songen frå Love Actually som alle også går å nynnar på i juletida. Rett og slett ubeskriveleg!

Ja, det var i alle fall litt om mi jul.. det kjem sikkert meir skal du sjå! Heng med!