Verdas beste adventskalender?

Det har vore litt dårlege med skriblerier i det siste.. Masse på grunn av slike ting som eksamen og blant anna ein barnedåp i helga. Sigrun hadde i grunn ikkje lyst at eg skulle skrive dette her, men eg måtte berre. Det går jo ikkje ann å la vere å skryte over noko slikt!
Adventskalenderen, eller julekalenderen, inneheld 24 vakre og nydelege peparkaker fint pynta med tala frå 1 til 24.. altså eit peparkakehjarte for kvar dag som går! Ja, dei er verkeleg nydelege peparkakene.
Og ja.. eg veit at det er 12. desember i dag. Så eg derfor er det litt rart at der ligg eit hjarte med talet 11 på.. Men slapp av, det er ordna opp. Fordi peparkakehjartet med talet 11 ligg for tida i magen min…
åå so hærla kalender då..!:)
have a nice day!
God bless
jepp.. nydeleg kalender – ikkje nokke sånn vi-må-klare-å-lage-billig-adventskalender-ved-å-kjøpe-inn-elendig-sjokolade-frå-eit-eller-anna-land-som-har-eit-firma-som-ikkje-kan-å-lage-sjokolade-og-ved-å-lage-ubeskrivelig-ujulete-motiv-så-blir-jo-alt-berre-så-mykje-betre-og-vi-kan-derfor-selge-denne-elendige-kalenderen-til-ein-billig-pris-slik-at-mange-vil-kjøpe-den-men-hate-den-enda-meir-enn-kva-den-skaper-gleder-men-det-er-jo-ein-adventskalender-da…
hehe! ja,akkurat;)
[...] Adventskalenderen min er ferdig: ja, dette her var ubeskriveleg trist. Verdas beste adventskalender (julekalender) er i dag historie. For ja, det var verdas beste kalender. Til glede for Sveinung og [...]