Musikkvideo – nok eit eksamensgode!
Som Vegard såg fram til å drikke kaffi under eksamenslesinga, så kan eg glede deg Vegard, og alle andre med at det også er større glede under eksamenslesinga enn berre kaffi. For det blir fort snakk om: Is, sjokolade, kjeks, kaker, godt, is, kakao og te.. ja, viktig å løne seg sjølv for strevet…
Men i den seinare tid, så har både eg og andre funne ut at det er også andre moglegheiter til å koble av frå eksamenslivet. Linn har i det siste funne fram til gamle gode og nye slagarar innanfor musikkvideoer. Du hugsar kanskje The Final Countdown? eller kva med Scatman? (all ein del ære til Telenor for å hente denne godbiten tilbake til framtida..) Men i motsetning til Linn, så tenkte eg at eg kunne vise dykk ein musikkvideo dykk sikkert har sett før, men du vil nok hugse den for alltid.
Eg har den store gleda med å presentere: Mervi Vasalla med Ohjaaja:
Dette var jo rett og slett rørande, ingen zoom eller bevegelse på kamera (bortsett frå byrjinga med diskokula). Trur ikkje eg har sett så mange eksempel på patetisk dansing sidan dansetimane på vidaregåande.
ja, ikkje sant?
Liker spesielt godt dinna “dansinga” der dei held kvarandre i hendene og snurrar rundt og rundt.. offada, kven kunne finne på å lage noko som dette? Tru kanskje den koreografen er ein smule flau over seg sjølv i denne stund.
Videoen har forresten blir kåra til “verdens verste musikkvideo” i ein haug med forskjellege kåringar..
Men, den største gleda man kan ha er og gjere andre glad! :)