kreativ bokføring…

FARE! Dette innlegget vil innehalde visse element av økonomiske tankar og teoriar… Er du ein person som lett får varige psykiske skader grunna økonomiske ting, så bør du stoppe å lese no!

Ja, for å verne sarte sjeler, så må du trykkje på les meir for å få med deg resten av innlegget.

Det har seg jo slik at det er juleferie. HALLELUJA! DET ER JULEFERIE! I motsetning til mange andre som berre tenker på juleferie som ei tid for å feite seg opp til den «kalde» vinteren.. så blir tida her brukt meir til å jobbe. Men ikkje noko negativt med det.. å sitje i kassa på butikken og få tørprate med alle kundar er ubeskriveleg. Å så blir ein også oppdatert på det som har skjedd i bygda det siste halve året… altså, gift, skilt, død, født, gravid og osv… livet sine store gleder… Utover dette, så har eg også litt andre jobbar på si.. blant anna bokføring.. eller rekneskap. Er ein økonomistudent, så er eg vel kanskje det.. og bør kanskje gjere slike økonomting. Så framfor meg ligg no eit nydeleg haug av kvitteringa, posar, lappar og alle andre former for papir som går ann å skrive på. Alle desse først fint samlast og sorterast, for så å bli registrert i rekneskapen. Altså om pengar går ut eller inn, kvar dei kjem frå og kvar dei går til. Og ikkje minst, kvifor går dei ut eller inn og finnast det i det heile tatt ein årsak til at dei kjem frå den plassen og går til den andre? (nei, pengar kan ikkje gå.. men ja.. enklast å forklare det slik..)

Rekneskapen er altså oppbygd av det ein kan kalle: kreativ bruk av bilag.

Andre vil nok heller seie at «kreativ bokføring» er bokføring på ein litt snuskete måte, altså måtar på å få pengar som eksisterer til å ikkje eksistere og motsatt. Men pr. dags dato, så har «kreativ bokføring» fått ei ny tyding.. takka vere Bjarne! Gled dykk, atter vil eg seia Gled dykk!… eller kanskje ikkje.. trur ikkje akkurat rekneskap er noko som mange vil glede seg over.. men, men. Sånn er det.

Vart lang post dette her, mon tru om noko i det heile tatt gidd å lese alt dette her?