6 ferdig – 2 igjen…
Då var heiemeksamen i MET030 (Databehandling for økonomer) gjort ferdig, “forsvarlig stiftet oppe i venstre hjørnet” og levert.. Nesten litt trist. Etter så masse gleder med å kose seg med kaffikoppen, gleda av å sjå den heilt fantastiske makroen, som var særskild dynamisk med masse kommentarar, i funksjon… For ikkje å snakke om den nydelege rekneskapen som var ivrig etter å følgje alle dei fire krava til god regnearksskikk. Og sist, men ikkje minst: Den enorme databasen som hold kontroll over meir enn det vi klarte å fatte… Jada, som du kanskje skjønner; eg er stolt over oppgåva. Det er viktig å vere stolt over det ein gjer…
Tenkte at eg kunne pirre dykk med eit par bilete frå sjølve oppgåva, men etter § eit eller anna i NHH sitt lovverk, så har eg ikkje lov til det… i alle fall ikkje til etter kl 14.00.. så hald ut du nysgjerrige. Det kan hende du kjem til å få sjå noko vakkert i den næraste framtid…
Eg må si eg er virkelig misunnelig på deg, for du kan sitte med kaffi koppen å skrive, e gleder meg virkelig til å bli student, da skal e drikke mykje kaffi
hehe.. godt du ser dei viktige verdiane i det med studie og eksamen. Fordi kaffidrikking kanskje er det mest nytta aktiviteten under sjølve eksamenslesinga… Merkeleg? Neeeei.