Nok eit verdsproblem løyst!

Det er ikkje til å legge skjul på at det går med eit par kilo med Nugatti her i huset… Når det er tre svoltne gutar som skal forast snøgt opp om morgonen er Nugatti eit fantastisk verkemiddel.

Men, så var det jo irritasjonsmomentet. Som mange sikkert veit, så har Nugattiboksa eit plastlokk, for så eit lokk til av sånn aluminiumsfolie. Det er jo heilt klart at for å få tilgang til Nugattien så må jo du opne dette lokket også. MEN: Skal ein ta denne folien heilt av, eller skal ein la den henge på? Dette er eit stort stridsspørsmål da vi alle har hatt forskjellege oppdragelsar innanfor dette feltet.

Før du les vidare for å finne ut svaret, så bør du sjølv gjere deg opp ei meining over dette irritasjonsmomentet…

Dei to handlingsmetodane er som følgjer:
1. La folien vere på:

  • Ta av plastlokket
  • Opne folien
  • Forsyn deg av dette godet
  • Lat att folien
  • Legg på lokket

2. Ta folien heilt bort:

  • Opne plastlokket
  • Opne og ta heilt av folien
  • Forsyn det av dette godet
  • Legg på lokket

Det er jo klart at begge desse metodane har sine fordelar. Den første har jo klart fordelen med at du slepper å stresse med å få av folien da dette ofte kan vere svært vanskeleg og klissete. Det blir også enklare å kaste boksa stil slutt fordi alt rusket er samla og ikkje delt opp i forskjellege delar. Derimot, så blir det gjerne mykje kliss på folien og det er stor fare for at godsakene vil henge seg fast i folien og bli øydelagt. Derimot, så skulle ein tru at denne folien var med på å verne det nydelege godet!
Den andre metoden derimot krev litt meir engasjement når du opnar boksa første gang, og du må opne bossbøtta to gonger for å få kaste heile emballasjen. Derimot så er det tydeleg at du slepp meirarbeidet med å late att folien for kvar gang du tar deg ei skive med Nugatti. Du vil også sleppe å ha eit svinn på Nugatti som klistrar seg til folien.
Så kva gjer ein for å finne løysinga på problemet? Jo du tar kontakt med ei som har kunnskap om dette – Stabburet!

Etter ein dag fekk eg eit hyggeleg svar frå Irene på Forbrukarservicen:

Hei.

Vi viser til din hyggelige henvendelse angående vårt produkt Nugatti og
oppbevaring.

Når forseglingen/folien er åpnet og produktet er tatt i bruk kan den
fjernes. Da er det tilstrekkelig å ha lokk på produktet.

Takk for din interesse for Nugatti.

Med vennlig hilsen
Stabburet AS

Jepp, då skulle det vel vere klart for alle at det er berre å ta av folien på Nugattiboksa utan at du skal liggje søvnlaus om natta. Eg seie berre spring og kjøp Nugatti og nyt dette fantastiske godet!