Løysinga på å fjerne verda sine problem med fattigdom!

T-skei

I dag når eg las Vårt Land så fekk eg endeleg litt ro i skjela. Etter eit utal av søvnlause netter, så var eg endeleg opplyst om noko som eg har visst lenge, men mangla faktum om…

For i dag kan Vårt Land meddele at 600.000 tonn med teskeier forsvinn kvart år. Dette tilsvarar nesten 20 milliardar teskeier. Sidan vi er ca 5 milliardar har på jorda, (ok, sikkert litt meir, men dette gjer det enklare å rekne ut svaret..) så vil det seie at kvar enkelt person mistar i gjennomsnitt 4 teskeier kvar år. Kanskje ikkje det store talet, men nok til å skape ein dagleg frustrasjon over at dei forsvinn. Ein gjennomsnittsfamilie på 4,5 stk (ja, 4,5 stk, litt vanskeleg og ha ein halv person, men slik er statistikken…) vil da miste 18 teskeier kvart år. Igjen kanskje ikkje den store summen, og heller ikkje i kroner sidan du får 20 teskeier på ikea for 50kr.


Men her snakkar vi jo om ein kjernefamilie, og dei går ikkje på ikea og handlar teskeier. Dei har jo fått bestikk i bryllaupsgåve frå for eksempel Tilbords. No byrjar plutseleg prisen på skeier å gå opp, og det blir fort opp i 80kr for skeia. Vi er no oppe i 1440kr pr år i skeier. Noko som tilsvarar ein ny iPod Nano med plass til 500 sangar til junior og eit par hundre kroner til sjokolade. Snakkar vi derimot om sjølvskeier.. då kan ein berre bli mørkeredd av dei økonomiske tapa.

Ser vi då på verdsbasis.. 20 milliardar gangar med 80kr så har vi 1600 milliardar kroner. Tenk om vi klarer å ikkje rote bort ei einaste skei eit år da.. for vips. Vi er kvitt fattigdomsproblemet. Og ikkje nok med det, vi vil også vere kvitt 600 000 tonn med søppel, fordi dei fleste teskeiene havnar nok i søppelbøtta.

Så i dag går utfordringa til alle dykk der ute. Pass på teskeiene dykkar og gi eit par 100kr til noko fornuftig heller. La vere å kjøpe dyre teskeier i julegåve. Verda vert straks ein betre plass å leve i. Som du ser, det er ikkje så mykje som skal til…