er bjarne blitt lat?

eller ikke?

Ja, veit at det har vore dårleg med skribleri i det siste, men det har si årsak. For Bjarne ligg ikkje på latsida, for under og bakom det som du ser når du les dette er det mykje rart som går føre seg. Nokon har kanskje vore så heldig med å ha sett litt under oppdateringa av sida. For det går mot slutten. Så om ikkje alt for lenge så skal det skje litt av kvart.. Du som les alt dette her som eg skriv vil nok mest legge merke til at sida kjem til å sjå litt annleis ut, og ikkje minst – eit flott, oppdatert og integrert galleri med masse rart av alt mogeleg. Denne hausten går mot noko spanande.. eller har vel blitt vinter no? jaja.. Legg ut ein liten smakebit på kva dykk har i vente!

Men, ting tar tid.. og så er det ein slik ting som heite eksamen også da…