eksamenslesing…
Jaja, så har eg også klart å starte. Eller, har faktisk halde på eit par dagar. Sjølv om det er over ei veke til første eksamen, så går tida ekstremt fort her, så snart er dagen der… For å prøve å få oversikt over teorien, så har eg da starta med tankekart. Ein slik spitzy ting som fungerer veldig bra til å få oversikt over faget… Så med kaffi, lovsamling, notat og fargetusjar så går alt så bra så – rettslæreeksamen her kjem eg!
Det er jo utruleg kva man kjem over når man surfar bloggar… Lenge sidan eg har høyrt noko frå den karen! Men studiar er tydlegvis tingen. Jepp, må vel skrive ei oppgåve eg og… Keep rocking, men veldi pen side. Likte den:)
Nils Ingar? Du verda, det var lenge sidan! Føler framleis at det var i russetida vi møttes sist? eller, har vel møttest litt etter det da.. men ja, fytti det er lenge sidan.
Som du les, så går det jo bra her.. ikkje så masse å syte over.. eller vel, har fått eit betent auge, så koser meg med å dryppe dropar og smørje salve på auge… jippi er det berre å seie.