Cola og Mentos… 2

Eg vil nok tru at dei som har halde på med å lese inne på sida mi vil hugse tilbake til då eg skreiv om eit aldri så lite prosjekt som eepybird hadde.. Eit aldri så lite prosjekt om Cola og Mentos..

Det som no vart litt gøy da er at viss dykk les kommentaren frå forgje innlegg som eg skreiv, så er der ein kommentar frå Nils Ingar. Og ja, Nils Ingar han har testa dette med Cola (Pepsi Max) og mentos… skikkelig gøy!

Men då i mi glede over dette, så måtte eg jo oppsøkje den originale videoen også. Og kva oppdagar eg? jo, ein ny video. Det er ikkje lenger snakk om 101 2-liters flaske med cola og 523 mentos. Her snakker vi om 251 2-liters flaske med cola og 1506 mentos. Guttane som leikar seg er til og med blitt sponsa av cola og mentos! jaja, eg skal søve no, men du kan få nyte videoen under…