kunsten med å velge riktig


Som mange sikkert allereie har funne ut, så har livet eit utal av val som ein må gjere. Ja, da, der er store der er små, der er dagege og val som ein stort sett berre gjer ein gang i livet. Slik er berre livet. Dagens aktuelle val består i val av dass. Når nøda er størst, så er hjelpa nærmast, men kva dass skal ein velge?

Dagens ressonement:

  • Ingen liker særleg godt å sitte på dassen i midten. Ein må ha ein anna på kvar side av seg og sansynet for at lukt, væsker og andre ubehagelege ting som spreier seg i di retning vil auke. Derfor, sidan ingen liker å bruke dassen i midten, Dass 2, så vil Dass 1 og 3 ha eit større kundeforhold enn Dass 2. Dette vil da medføre at det er større slitasje på Dass 1 og 3. Det er også verdt å nemne at bakteriekulturen på dei aktuelle Dassa vil etter stort sansyn vere mykje større enn på Dass 2. Altså bruk Dass 2 med syn på bakteriekultur.
  • Sidan Dass 2 blir mindre brukt, vil det da også vere mindre utsatt for skriblerier på veggane, noko som fører til at det straks blir mindre å ta seg til føre medan man gjer sitt nødvendige. Altså bruk Dass 1 eller 3 ved behov for lange besøk med syn på litteratur.

Dette var berre nokre punkt, for der er mange fleire punkt som må vektleggast. Oppsumert, etter desse to ressonementa, så kan ein kome med desse konklusjonane:

  1. Er toalettet tom for andre personar og du ikkje har stort behov for sjølv å vere der – Dass 2
  2. Er toalettet tom for andre personar og du har stort behov for sjølv å vere der – Dass 1 eller 3
  3. Er det andre peronar på toalettet så slå først av ein hyggeleg prat for så å gjere val av dass. Her må ein då vektlegge dei to punkta over, men også det fakutmet at du gjere vil velge dass lengst mogeleg bort frå den opptatten dassen.
  4. Er det da berre ein anna på toalettet blir dei eit enkelt val, då andre deltakar med stort sansyn har valt Dass 1 eller 3, og du kan ta det i motsatte. Altså har han 1 tar du 3 og vise versa.
  5. Er det derimot fleire enn ein vil det vere stor sansyn for at Dass 1 og 3 allereie er opptatt. Valet er derfor allereie blitt gjort, du må enten ta Dass 2 eller vente til Dass 1 og/eller Dass 3 er ledig. Venting på dass når eit er ledig vil dog være litt rart.
  6. Skulle det skje at toalettet er fylt opp av forventingsfulle kundar, så bruk fantasien. Ein hyggeleg prat om regnet er alltids ein slager.
Lykke til!