Frøken Larsen…

I går fikk eg og min kjære med oss den fantastiske konserten til Marit Larsen i Hulen. Hulen, som er eit fantastisk konsertlokale, brakte nok fram det beste i Marit og holdt nok ein av sine beste konserter, dog uten at eg kan referere til andre da… Men, men. Ei kan lure på kvifor ein så rolig musikksjanger skal holde til i Hulen, men rolig vart det ikkje. Ei saftig forrocking og eit utruligt bra band tok alle dei kjende og kjære sangane til eit nytt nivå som passa Hulen så mykje betre.

Å så var jo det ditta med å kome seg heime att da… Siste buss hadde akkurat gått, og gidder ein å vente ein time på ein nattbuss som koster dobbelt så masse og er ti ganger så full av folk? Nei. Så vi gikk – ein skal jo ikkje sove bort sommer haustnatta…