ein av dei beste!

For eit par dagar sidan fekk eg eit vakkart brev singert VPV og enda meir glad vart eg då eg fann ut at eg var kalla inn til det norske forsvaret. Skal til og med bli ingeniør! – altså for eksempel bygge bruer og slik ute i skauen.. Og ikkje nok med det: Berre for å glede meg enda meir finner eg denne informasjonen på første side i heftet som følgte med. Slå den du! Eg er blitt plukka ut som ein av dei best kvalifiserte!

Medan andre allereie kosar seg i kongels klede (som for så vidt er ein fantastisk dårleg klisje) så må eg dog vente litt til.. trist. Men men, alt har sin tid og det er betre seint enn aldri.