det vakraste som finnast…

Det er med glederus eg kan dele med dykk at FireFox kjem straks i ny utgåve. Ein ting er alle oppdateringane og dei fiffige tinga som FireFox kan gjere for deg. Men det beste av av alt? FireFox kjem no på NYNORSK! Det er så vakkert, det er så nydeleg. Eit så poetisk og kunstnerisk språk blir nytta til noko så dagleg. Det er nesten som eg må ty til tårene. For dette er ein seier for Noregs folk. Ver med oss å feire, og gleda dykk til dagen då den endelege versjonen av FireFox 2 kjem ut!