fritidsproblem eller fornuftig kunnskapsauke?


På min kjære mobiltelefon kan du under underholdning og spill finne eit aldri så lite spill som heiter QuadraPop. På folkemunne er det nok omtala som tetris… Så då burde dei fleste vite kva det er snakk om. Spillet som er så enormt engasjerande at ein blir berre irritert. Heile denne episoda starta ein gang for eit par veker sida. Satt på do, og tenkte, hmm.. jaja. får spille litt spill medan eg sitter her. Så eg starta med å spille. Men då eg var ferdig med det som i røynda skulle skje på do var eg ikkje ferdig med å spille, så eg pausa spelet. Så neste gang eg gjekk på do så skjedde det samme igjen. Slik har det da pågått i over to veker og resultatet av dette er ein ny rekord. Ein rekrod som eg er stolt over, sjølv om den sikkert har tatt ein del med timar i mitt liv. Timar som ein dog ikkje brukar til noko anna fornuftig. Så ja, klarer du å slå rekorden min?