ein gang speider…

Ein gang speider – alltid speider.I løpet av dei 24 siste timane så har eg hatt den store gleda av å kjøre til Røros og rydde opp etter speiderleiren der. Jippijippi! tenker sikkert du. Kjøre i 5-6 timer for å rydde, sove litt, rydde meir og så kjøre tilbake i 5-6 timer. Men det er ikkje så vers. For etter 5 min på leiren var det verdt det. Men trur du må vere speider og faktisk ha vore på leir før du kan nyte dette. Fellesskapet, gledene (som å få dusje snart..) og maten er noko som gjer speiderleir til noko heilt utrulig. Det at ein også må bygge stort sett alt av bord, stoler, spise- og kjøkkenbord, vaskefat osv gjer at ein får litt større gleder over dei enkle tinga.

Men, for andre som tenker dette er snålt og rart. Vi har det jo litt gøy på andre måter også…

Les meir for bilder

Siste kveld…

Jente i tau…

Den prisverdige dusjen (som fungerte også ja..)


Leiren…

Leirbål