når læreren søv, så…

Er det ein ting som ein kan lære av studieturar som går langt langt bort frå den vanlege kvardagen, så er det at personar gjerne viser nye sider. Sider som kanskje ikkje var så heilt vanlege eller opplagte før ein drog på turen. Ein av desse kan vere nettopp at ein viss lærar (sjå bilete) søvner særskildt tideleg og gjerne mitt i merkelege situasjonar, som når ein ser film, når han berre skal legge seg ned litt eller rett etter ein har ete. Men, men.. ein kan vel ikkje klage. Kl er no 23.38 lokal tid – det vil sei 8,38 norsk tid og allereie no så ligger alle andre som er med på turen og sover. Utanfor vindauget ligg draumane sitt land, her ligg sjølvaste Los Angeles, jaja.. får sikkert sjå noko meir av det i morga – når resten av gjengen har vakna.

God natt:)