det nærmer seg slutten…

det er litt vemodig å måtte innsjå at det nærmer seg slutten på turen her i USA. Gutta på Tur – USA 06 har snart nådd sin ende. Men akk så mykje morosamt vi har hatt det! Må framleis nemne at du får meir info om Gutta på Tur her


Dette er då Los Angeles downtown. Snufs snufs… vi har faktisk blitt så godt kjend i byen at vi har lokalisert stort sett alle Apple Retail Storeane som vi finnest. Vi har besøkt dei fleste Subways. Vi har stått lenge i kø. Vi har fått kjenne smaken av Taco Bell, Starbucks, Pizza Hut, Dennys, Dominos og ja.. stort sett alt anna mulig rart av junkfood som går ann å stappe i seg. Magen min skriker etter skikkeleg grovt brød, etter brunost, etter kjøttkaker… ja, og ikkje minst er savnet etter dei gode brownies, som min kjære Sigrun baka, stort! Gleda meg til å kome tilbake på Bildøy, til min kjære og til dei nybaka browniesane som vil stå klart! å ikkje minst nylaga kakao!

Men tid for å legge seg no, snooork.