så er det gjort…

endeleg, filmen er sett. Ja, filmen over alle filmer. For ja, filmen var bra. Filmen som eg har venta på i eit år. Roll Bounce er faktisk ein god film, ja, den er tydeleg prega av den amerikanske filmindustrieen, men den fungerer. Ikkje fordi den nødvendigvis har så fantastisk handling. Men fordi den tar oppatt den som mange av dagens filmer mangler. Sikkelig «feelgood» faktor. For dette er ein film ein blir glad i og glad av. Filmen kan plasserast i ein «Fame» sjanger med mange engasjerende scener som får deg til å ta fram dei gode gamle rulleskøytene dine som du for 30 (eller litt mindre) år sidan plasserte på loftet der dei har morkna opp. Klesstilen til karakterane er gjennomprega av 70talet, noko som gjer dette enda betre. Men når en også legger til salige dialoger som berre Rambo kunne ha gjort betre, så må dette berre bli fantastisk!