100 ting

Kva har Bjarne gjort/tenkt å gjere:
Ja, det er hulteribulterliste.. ikkje noko kronologisk og systematisk.
Meir om dei forskjellege tinga kan du finne ved å trykke på lenkene i lista, eller få ei oppsummering her.

      1. Bade i varme kjelde på Island
      2. Reise til Israel
      3. Reise til USA
      4. Vere med på filminnspeling i Hollywood
      5. Vitje alle verdsdelane (3 av 6 ferdig)
      6. Vitje alle land i Europa (15 av 44 ferdig)
      7. Dra til Sør-Amerika og lære spansk
      8. Kjøre ski i Alpane
      9. Plaske rundt i daudehavet
      10. Ta lappen
      11. Miste lappen
      12. Kjøpe bil
      13. Selje bilen
      14. Trulove meg
      15. Giftemål
      16. Masse ungar…
      17. Nyte utsikta frå Galdhøpiggen
      18. Springe maraton
      19. Hoppe i fallskjerm/paragliding
      20. Hoppe i strikk/pendel
      21. Vinne i lotto (45kr!)
      22. Fullføre vidaregåande skule
      23. Fullføre eit høgare studium
      24. Få ein jobb som eg likar å jobbe i
      25. Gå eit år på Bibelskulen Bildøy
      26. Jobbe på kafé
      27. Gi ein stor klem til Donald i Disney World (Euro Disney)
      28. Sjå Isbjørn på Svalbard
      29. Klippe ein sau på Færøyane
      30. Sjå eit bilete som eg har tatt på framsida av ei bok!!
      31. Selje eit fotografi
      32. Sjå alle tre Ringenes-Herre-filmane-maraton
      33. Sjå alle Gudfaren-filmane-maraton
      34. Skrive ei bok om mitt liv…
      35. Sjå Sting live
      36. Kiting.. (kjørt ski med drage til)
      37. Ta eit skikkelegt isbad
      38. Dra på U2 konsert
      39. Dra på interrail
      40. Flyge med helikopter
      41. Sitje framme i eit fly under ein flytur
      42. Køyretur i sjukebil medan eg ligg baki (ja, litt som punkt 99)
      43. Springe trappene i Philadelphia til Rocky
      44. Dra til Thailand og snorkle i krystallblått hav
      45. Køre akebrett ned frå Fløyen (det er ikkje ofte at det er snø i Bergen)
      46. Teste Cola og Mentos-eksperimentet sjølv…
      47. Høyre Coldplay live
      48. Stikke på konsert med Jamie Cullum
      49. Bli erklært tenesteudyktig (ok, kanskje ikkje eit mål, men når du først blir det så fortener det plass på lista..)
      50. Fullføre ei liste over 100 ting som eg skal gjere i løpet av livet!
      51. 101? ja, måtte berre ta med ein ting til. Men sidan det reint teoretisk sett er svært usansynleg for at eg klarer det, så blir det nr: 101 – Flyge vektlaus rundt i verdsrommet

nei, dette var ikkje 100 ting… tar tid å få til ei slik liste… prøv sjølv.

Lista vil nok bli større med tida, og håpet er jo å kunne streke over alle tinga.