bjarnebs.com

Men skulle du ha sett…

Ein kan faktisk sjå havet frå Birkenes! Aiaiai!!! (Ja, det er den litle blå stripa du kan sjå rett over siste del av skauen..)

For å sjå dette må du faktisk heilt til Håstølknuten:
Håstølknuten

Og når vi først var der oppdaga vi kule skyer…
Skyer

Som vart så ekstremt masse meir kule viss ein såg dei opp-ned:
Skyer - oppned

Altså slik:
Fancy skyer

Spanande? Åja!
Det mest morosame var nok kanskje å sjå ein heil famile på tur som stod bøygd i alle rare retninger for å klare å sjå på skyene opp ned…
Bilete manglar. Trist faktum. Men nydleg tur!

The Golden Circle

For mange turistar som kjem til Sunnmøre så er “The Golden Route” ein opplagt del av turen viss ein har moglegheit til å køyre sjølv eller ta buss. Men kvifor stoppe med berre ein liten tur? Kvifor ikkje gjere noko meir? Eg presenterar herved: The Golden Circle - det beste av Sunnmøre i ein kvalitetssikra pakke! (Jada, kjære Island, eg veit at dykk har ein Golden Circle dykk også, men kven har sagt at det berre er dykk som kan ha den??)

Denne ruta kan ein ikkje berre presentere med tekst og bilete. Kart må sjølvsagt til, og dermed får vi dette:

Loading...
 

Sjå gjerne på kartet i ein større versjon for å få med deg meir.

Og du som berre ville ha bilete? Jepp, du finn dei sjølvsagt på Flickr og her:

Skulle du vere meir interessert i gardane og andre viktige ting i Geirangerfjorden så har du i alle fall ei oversikt over dei fleste her.  (Rart ingen andre har laga til ei god slik oversikt…?)

Og, til slutt, sjekk ut turistveg.no – det er på tide å nyte det vi har!

På den rette sida…

Livet er veldig bra når skyer slappar av…

Men sommeren er jo langt frå ferdig!

Aiaiai! Eg skulle til å skrive at; jammen som sommeren gjekk og snart var alt over. Men neida! Sommeren er langt frå over.

Masse har skjedd, og eg trur eg vil starte med nokke i litt omvendt rekkefølgje. (Altså det som kanskje skjedde sist vil bli presentert først…)

For du som ikkje allereie har skjønna det. Biletet over viser Esperanza Spalding på Canal Street i Arendal. Ein kan vel ikkje akkurat seie at Arendal viste seg frå si beste side denne dagen, men men. Konsert vart det, og det var ikkje berre Obamayndlingen og Nobelsfredspriskonsertdama Esperanza som skulle halde oss glade i pøsregnet. Her snakkar vi også Thom Hell, som nesten var på heimebane, og mandagsbarnet (Hoho!) Veronica Maggio! Og ja.. forresten, Terje Rypdal, Miroslav Vitous og Gerald Cleaver som hadde ei felles oppvarming som varte ca. litt for lenge. For all del: Flinke folk. Men, når 3 andre artistar også skal på scena så er ikkje 15(++) minutt lange songa særleg velkomen. I alle fall ikkje når ein skal spele 6-7 av dei… Men… det skal vi sjå bort ifrå!

Trippelkonserten var fantastisk. Thom Hell var flink til å målbinde publikum, og det skada vel ikkje akkurat nokke for mitt konsertfølgje at pianisten kom frå Birkeland (Asbjørn Ribe). Flotte saker. Esperanza Spalding er ei lita, lita, ybermusikalsk dame. Kvinnelege bassistar kan vi gjerne få meir av. Afro er heller ikkje å forakte. Det å også framføre alt du skal seie på rim og gjerne med melodi skader liksom heller ikkje. Dog litt vanskeleg å skjønne kva som faktisk er sang og kva som er snakking…  Veronica Maggio satte ein finfin avsluttning for kvelden. Humor at ca halvparten av folka som var på konserten drog før ho kom på scena, men det var nok ikkje henna feil. Heller at det tok litt for lang tid å rigge opp mellom, og at ho ikkje akkurat var i same sjanger som dei andre…

Bilete sa du? Sjølvsagt!

Jada, eg veit – iPhonen min har ikkje verdast beste kamera. Men det er jo ikkje bileta etter konserten som er poenget?

Og ja, stakkas Thom som ikkje fikk fult med folk framfor scena frå starten av… Ja, vi burde nok gått fram og hoppa og dansa og alt det der… sorry. Eg skal kome sterkare tilbake.

Og det med tilbake og slikt… ei liten smakebit på kva som vil kome etterkvart her på verdsveven…
Hotel Juvet

Og ja, ikkje nok med det. For dykk RSS-lesarar: Nytt design på bloggen… bort med The Unstandard og inn med nokke som gjer det enklare for folk å lese bloggen. For det er jo det folk kjem hit for å gjere vel?

Ferdig.


AIaiai! Det var det. Åtte semester er gjennomført. Berre to igjen. Vakkert, nydeleg og trist på ein gang.

Det store eksamenssjokket kom i går. Eksamen vi fekk utlevert var nøyaktig den same som var for eit par år tilbake. Den einaste endringa var at der var lagt til eit tal, og datoen var endra. Ikkje det at å bruke delar frå tidlegare eksamenar er uvaneleg, men å bruke ein nøyaktig kopi?? What? Og det blir ei heller betre når vi har brukt denne eksamenen som gjennomganstema for heile faget. I tillegg til at vi hadde ein tilnærma lik oppgåve som semesteroppgåve også. Aiaiai. Hyggeleg å få nokke som ein kan da, men det er jo lov å gi oss moglegheit til å tenke. Og faktisk bruke det vi har, i alle fall prøvd, å lært oss.

Utfordringar: JA, TAKK!

Kor e alle saman?

Er det berre nokke eg føler, eller er det ein skau med gode bloggar som har forsvunne den siste tida…?

Jada, eg veit at eg har vore litt borte i det siste sjølv. Så det er litt sånn glaskasting i steinhus… Men eg er her enda jo enda, ikkje heilt forsvunne. Men kva med alle dokke andre? Dokke som fortalde og imformerte om spanande ting. Dokke som skreiv om alt mogeleg. Dokke som gav kvardagen små gleder. Kvar er dykk?

Eller det facebook og twitter som har tatt dykk bort? Kom tilbake, ver så snill.

Bergen sentrum


Klikk på bilete og leik deg…

Bergen sentrum
Størrelse: 0.44 gigapixel
Antall bilete: 233 stk
Kamera: Canon 350D
Optikk: Canon EF-S 17-85mm f/4-5.6 @ 85 mm
Stativ: Nope
Kommentar:
Det nærmar seg eit skikkeleg gigapixelbilete, men byrjer å ane at det er litt problematisk og faktisk få til ein gigapixelbilete med 85 mm på 350D. Veit at der er ein del feilmoment. Spesielt nederst og til høgre i bilete.
Biletet er også tatt over eit par dagar. Ikkje det at det var meininga, men utan stativ så er det litt vanskeleg å få med alt på første forsøk. Det var også eit problem med litt solskinn eine dagen (kven skulle tru det i Bergen). Det vart derfor litt ufrivillig lens flare som øydela for eit par bilete. Problem er også at når ein tar bilete om våren så blomstrar trea fort. Og dette medførte at når fleire bilete skulle bli tatt for å dekke området som mangla på første forsøk så vart det eit heilt anna bilete pga. masse lauv. Men, men. Totalt sett nøgde med bilete. Det kan sjølvsagt bli betre, Øving gjer meister!

Spanande saker
Ein kan sjå Askøybrua

Fleire av bileta vart tatt ca kl 10.15

Kor e alle helter hen?

Her:

Eller… i alle fall ein del av dei. Eg snakkar om Forbrukarrådet. Eg snakkar om kvardagsheltar som tar frå dei snuskete og gir hjelp til dei som treng det. Sjølv om dei ikkje gav meg direkte hjelp denne gangen, fordi eg ikkje spurde, så er det alltid trygt å vite at dei er der. Dei er der for deg, og kjempar når du blir for liten mot dei store. Det er også til stor glede at ein ser dei hjelper andre som har vore ute i same problemet.

Kva er det eg snakkar om? Jo, Vitelsaka sjølvsagt.
-Vitelsaka?
Ja, Vitelsaka. Vitel var ein kraftleverandør som skulle konkurrere med gode prisar. Men i den heitaste kampen fekk Vitel beskjed om at dei ikkje var verdige til å kjempe lenger. I staden for å berre trekke seg roleg ut og vite at alt var over, slik normale bedrifter ville ha gjort, skulle Vitel ta med seg halve kongeriket. I alle fall frå sine tidlegare kundar. Straumprisen gjekk frå 49,50 øre/kWh til 148,75 øre/kWh utan at nokke varsel kom. Ut av intet kom ei straumrekning på kr 2.443,16. Og det er noko som ein ikkje aksepterar. I alle fall viss ein er Sunnmøring!

Etter litt klaging var svaret at: “Ved sluttavregning ble det oppdaget at det var blitt satt feil priser. Dette er dermed blitt korrigert på sluttavregningen.” Og summen var den same. Etter enda litt meir klaging og truslar om å sende saka til Forbrukarrådet vart rekninga straks på kr 493,29. Men kvifor stoppe her? Ein kan jo ikkje berre gi ei høg rekning, for så å gi ei ny som er mykje lågare, når summen faktisk skal vere enda lågare. Enda litt meir klaging og rekninga vart på kr 430,15. Men kvifor stoppe her? Ei siste moglegheit til å gjere godt vart gitt til Vitel, og svaret var klart: “Greit, betal inn kr 73,43 kr og saken regnes som avsluttet.”

Sjølv om Forbrukarrådet aldri var direkte inne i saka mi, så var det ei sann fryd å kunne vise til det som Forbrukarrådet skreiv om Vitel på si nettside. Det å kunne true Vitel om at saka ville bli klaga inn til Forbrukarrådet er heller ikkje noko ein skal undervurdere. Takk også til Elklagenemnda som også var med å hjelpe Forbrukarrådet med sine syn på saka.

Takk til slike kvardagsheltar som er det for å hjelpe når vi treng dei som mest!

For dei som skulle lure. Eg vart straumkunde hjå Vitel ved at MinStrøm.no sendte straumen min ut på anbod og at Vitel fekk det. Tilbodet som eg fekk til slutt av Vitel skulle vere grunnlagt i spotprisen på straumen i Bergen, det gamle NO2. Denne spotprisen skulle gjelde frå 01.01.10 og ut til Vitel gjekk ut av marknaden. Alle avrekningar før 01.01.10 vart gjort til opphavelege straumprisar, som låg under spotprisen.
Til slutt såg altså mi straumrekning slik ut:

Periode – straumpris
26.11.09-29.12.09 - 27,70 øre/kWh
29.12.09-01.01.10 - 27,90 øre/kWh
01.01.10-11.01.10 - 47,96 øre/kWh
11.01.10-01.02.10 - 47,96 øre/kWh
01.02.10-24.02.10 - 59,02 øre/kWh

Har du vore kunde hjå Vitel og er missnøgd med sluttrekninga, du bur i Bergensområdet, eller det gamle NO2-området, brukte MinStrøm for å bli kunde hjå Vitel, så bør du kunne forvente å få rekninga di ned til dette nivået. Kan ikkje love nokke, med det skader ikkje å prøve. Lykke til med klaginga, bruk Forbrukarrådet viss du treng hjelp.

Til slutt,
Kjære dykk som står bak Vitel – ikkje gjer slike dumme ting.

Og takk til Gulesider for biletet.

Lite hendig sjølvskryt…

Det er jo kjend at SAS er i vinden for tida, og at redninga ser ut til å kome snart. Blant anna fordi betre tider er i vente. Men, det er ikkje det vi skal ta opp i dag. I dag er det sjølvskryt. Finfin sjølvskryt over nye fly, og korleis ein samanliknar ting og tang. Det heile startar med dette magasinet her:

Vi snakkar altså om SAS sitt internasjonale magasin, Scanorama, som er skreve på framandlask. Det er nok ikkje det magasinet eg helst ville ha tatt fram viss eg skulle kose meg med lesestoff, men når tilbodet er avgrensa takkar ein sjølvsagt ja.

Etter masse pjatt og rare ting kjem du fram til den spanande delen: SAS – Our World. Og her finn du mange godbitar. Blar du fram til side 4 finn du dette her:

Og det er her vi skal trekke fram bildeteksten:

Fuel efficiency in action: a round trip between Copenhagen and Stavanger. The CRJ900 NG uses about 3.2 tons of fuel, wheras an MD-87 would use about 6 tons.

Normale ehh.. Andre mennesker ville nok kanskje berre stogga her og tenkt: Fint. Men det klarte eg ikkje.

Ved å bla litt lenger bak i magasinet finn du ei ny finfin side for lettere flyentusiastar:

På denne sida får du opplysing om masse rart og spanande om fly som SAS nyttar. Og det første vi her skal legge merke til er at MD-87 ikkje er lista opp. Altså flyet som dei samanliknar det nye flyet med, er ikkje verdsatt så høgt at det får kome med i lista. Joda, SAS har faktisk MD-87 fly, men tydlegvis ikkje så mange aktive i dag…

Men, for å ta det litt videre. Det nye CRJ900 NG er eit 88 seters fly på 36,2 x 24.5 meter. Oppgitt drivstoffbruk pr sete pr km er 0,040 liter, og det verkar jo svært lite. Godt at vi har fått nye fly som er drivstoffeffektive! Men, problemet er at viss du leser på dei andre flytypane som også SAS nyttar så… ja, det er berre 3 av dei 14 flya som brukar like mykje drivstoff pr sete pr km. Kvifor? Jo, det har stort sett samanheng med at dei andre flya er større enn den nye fancy CRJ900 NG. Dei andre flya ligg mellom 130 til over 250 plassar, og då er det naturleg å anta at ein fly som er mindre vil nytte meir drivstoff pr sete pr km. Men ser vi f.eks på den kjære Dash 8-Q400 som har 78 seter så bruker den faktisk 0,004 L mindre pr sete pr km enn den nye CRJ900 NG. Eller ser vi på Avro RJ 85 så nyttar den 0,038 L og har 84-95 plassar… Hmm.. trur ikkje den nye CRJ900 NG er så bra likevel eg…

Men, ein kan jo ikkje stogge her. Vi må finne meir ut om MD-87.

MD eller McDonnel Douglas 80-serieen kjem i fleire variantar. Ser vi MD-87 opp mot dei andre i serien ser vi at 87 er eit kortare og lettare fly. Lettare og kortare fly vil jo naudsynt seie at ein skulle bruke mindre drivstoff, men sidan det også er færre seter å fordele forbruket på, så er det faktisk litt vanskeleg å ta ein eintyda konklusjon. Men det er jo ikkje heilt smart å samanlikne CRJ900 NG med sine 88 plassar opp mot ein MD-87 som har 130 – 139 plassar. I alle fall viss ein berre skal legge vekt på drivstofforbruk i form av tonn pr rundtur, og ikkje fordele det ut på forbruk pr kapasitet. Her da drivstofforbruk pr sete.

Konklusjonen blir:

- Kjære SAS, dette her var vel lite hendig sjølvskryt.

- Kjære SAS, ikkje skryt over nye fly som er så masse bedre når det dykk samanliknar med ikkje er verdig nok til å vere med i flyflåten dykkar.

- Kjære SAS, når ein skal samanlikne ting så må ein velge samanliknbare ting. Evt, kompensere det gjennom førehaldstal som tonn/sete/km eller tonn/sete på ei gitt strekning.

- Kjære lesar, eg er nok ikkje fullstendig gal. Men rett skal vere rett, og det å lure folk med tal på denne måten er ikkje bra.

Når alt dette er sagt… så er det kanskje heller nokke anna eg brude skreve om:

CRJ900 NG kan faktisk ikkje ta med seg meir enn 37,9 kg når det skal lette. Så… då er det kanskje ikkje så rart at det er eit svært miljøveneleg fly. Det vil aldri kunne ta av…

City of Dreams


Jepp, fotograf Sunde slår til igjen! Kanskje det er heller litt flaks enn dyktigheit, men stas er det i alle fall.

For, i går fekk eg boka “CIty of Dreams” frå Gyldendal i Danmark:

Dette her er ei engelsk lesebok for danske elever på eit eller anna klassetrinn… Boka handlar om håp og draumar i Hollywood, altså “City of Dreams”. Det store, som du sikkert har forstått, er at på side 29, så finn du eit bilete som eg har tatt. Og jepp, det er Central Perk. På omvisning i WB fekk vi ein tur innom denne kjende og kjære kafeen:)

Slår du opp litt lenger bak i boka finn du namn og slik. Fine saker. Stas.

Originalbilete kan du sjå her ja:

Og viss du skulle lure på korleis mitt bilde havna i ei dansk lesebok -> Flickr!

Jepp, det var same årsak til at eg fekk framsida på Constituting Communities.

Og viss det skulle freiste, så finn du flerie bilete frå USA-turen her!